Yin Yoga

Harmoni, meditasjon og forankring. Dette er ein roleg yogaform med mange passive posisjonar som blir holdt over lenger tid. Dette stimulerar bindevevet til å mjukne opp slik at energien i kroppen kan flyte fritt. Dette kan vere overraskande utfordrande då kroppen sin naturlege refleks er å halda tilbake, men med tid styrkar me evna til å gi slepp. Dei fleste posisjonane er anten sittande eller liggande og er difor ei god kjelde til kvile, avspenning og refleksjon.

Yin Yoga passar til alle uansett alder og fysiske forutsetningar. Me jobbar mykje med problemområda korsrygg, bekken og hofter og er difor eit godt reiskap til førebygging av skadar og vondtar, samt ein mild veg attende til normal fysikk etter skadar og sjukdom.