Vinyasa Yoga

Ordet ’vinyasa’ har som mange ord på sanskrit fleire tydingar, men i denne samanhengen vert det brukt som ’samanbinding’. Det å linke ein posisjon eller rørsle til den neste, ledd for ledd. Her set me saman sekvensar bit for bit som er nært knytta til pusten vår. Ofte ein posisjon pr. inn- eller utpust. Dette gjer at desse klassane vert både leikne og innhaldsrike, og ein kjem kanskje til å kjenne sveitten piple ut på panna.

Flyt-klassane passar til deg som har prøvd klassisk Hatha og/eller kjenner til dei grunnleggande posisjonane (solhelsing, krigar-posisjonane og nokre sitjande øvingar). Programmet er det samme over nokre månader, så her har du moglegheit til å bli betre kjend med eit sett av posisjonar, kjenne progresjon, samt få ei djupare forståing av samanbindinga mellom pust og rørsle. Desse klassane kan vera meir krevjande når det kjem til tempo, uthaldenhet, styrke og fleksibilitet, så om du ikkje får til alt med ein gong, ikkje fortvil, her er du meint å få litt ekstra utfordring.