Trivselsreglar

Nokre enkle retningsliner om korleis me vil ha det på ØYOGA.

  •  Fyrste gong hos oss? Kom i god tid for registrering (20 min før klasse)
  • Kjem du for seint (inntill 5 min over), kjem du diverre ikkje inn av omsyn til dei andre i klassen, men er velkommen neste gong
  • Me går ikkje med sko inne
  • Me skrur mobilane på lydlaus
  • Snakk med instruktøren om du har skadar eller sjukdomsrelaterte plagar som kan vera relevant for di deltaking i klassen
  • Me respekterar når andre vil sitja i ro med seg sjølv
  • Me respekterar når andre ikkje finn roa
  • Me held oss på vår eiga matte om ikkje anna er avklart
  • Bruk gjerne eit hankle om du treng
  • Nokre kan vera svært sensitive når det kjem til lukt, dette gjeld også parfyme, så vis omsyn
  • Me set ting på plass etter bruk
  • Gjerne rens matter etter bruk, då held dei lenger
  • Me er berre menneske og ukontrollerbare, kroppslege lydar og liknande er det det er, og me legg ikkje meir fokus på det