Senior Yoga

Dette er i bunn og grunn ein hatha yoga-klasse, men som er tilpassa den litt eldre garde. Les gjerne meir under Hatha Yoga. Her tar me ned tempoet og brukar hjelpemiddel som puter og blokkar for å utføra posisjonane på best mogleg måte utan å skape ubehag. Hovudfokuset ligg på å løyse opp i stive ledd og muskulatur for å skape ein større rørslefridom. Me ynskjer også at dette skal vera ein plass der det sosiale kan gro samstundes og til tross for at me vender blikket innover i oss sjølv.

Senior Yoga passar til deg som ynskjer å opne opp for ditt fulle potensiale i denne fasen av livet ditt. Ingen forkunskapar krevjast, berre ein liten dose nysgjerrighet.