Meditasjon

Dei fleste har høyrt om meditasjon og har ei formeining om kva det inneber. I desse klassane utforskar me fleire teknikkar og innfallsvinklar til meditasjon, og ved jamn praksis vil du finne fram til dei teknikkane som kan hjelpa deg i kvardagen.

Gåvene frå meditasjon er mange. Innsikt, avspenning og ro, harmoni, energi og kraft, og eit sterkare sinn til å takle stress og motgong.

Pranayama: Ordet ’prana’ tyder livskraft som ofte blir symbolisert med pust. Der det er pust er det liv. ’Yama’ tyder kontroll, eller å halda tilbake. Enklare sagt: pusteøvingar. Ynskjer du å utforska din eigen pust og oppleva resultat som auka fokus, auka energi og eit meir velbalansert sinn? Då er «Sinn»-klassen noko for deg. Me brukar pusteøvingar til å varme opp og klargjer kropp og sinn til meditasjon.

Sinn – Meditasjon passar for deg som ynskjer meir filosofisk påfyll, har lett for å bli stressa og treng å roe ned. Me brukar bolster/puter og blokker slik at å sitte på golvet i ein time ikkje vert ei hindring. Det er også heilt greit å ta små pausar der ein løyser opp den statiske stillinga.

OBS: er du gravid, har høgt eller lavt blodtrykk, magesår eller asthma, sei ifrå til instruktøren slik at klassen kan tilpassast dine behov.