Pilates

No får du også pilates på timeplanen. Kjernemuskulatur er svært viktig for å unngå skadar i all fysisk aktivitet. Også i yoga vil du nytta godt av ein sterkare kjerne, senteret i kroppen. Me jobbar med heile kroppen for å auke stabilitet og kroppskontroll. Særskild fokus er å byggje opp styrken frå dei inste, meir djuptliggjande musklane som vil gje oss betre haldning og kontroll i anna fysisk aktivitet.

Denne klassen er open for alle uansett nivå og forkunnskapar. Ekstra nyttig for dei som ynskjer å utvikla sine ferdighetar i yoga og vil prøva meir utfordrande posisjonar, men kjenner at manglande styrke vert ei hindring.