Hatha Yoga

Hatha Yoga vert ofte kalla klassisk yoga då dei nyare yogaformene ofte tek utgangspunkt nettopp her. ’Ha’ tyder sol og ’Tha’ tyder måne. Målet med denne yogaforma er å balansere dei motstridande kreftene me har i oss, slik som ordet tilseier: sol og måne, yin og yang, hard og mjuk, tung og lett, femininitet og maskulinitet, spenning og kvile.

I desse klassane jobbar me gjennom dei ulike posisjonane i eit roleg tempo slik at me får tid til å fokusera på grunnleggande teknikk og kan hausta den herlege kjensla av mental og fysisk balanse. Som i dei andre klassane er pust eit viktig nøkkelord, og ein pranayama-øvelse opnar ofte klassen.

Hatha Yoga passar for deg som er ny til yoga, samt dei med meir erfaring som ynskjer å koma ’back to basics’. Programmet i desse klassane kan variere, så her finn du garantert noko som passar for deg.