Gravid Yoga

Kropp og sinn er i stor endring over kort tid. Det kan vera vanskeleg å ta inn over seg alt det nye og samstundes kjenna at du er deg sjølv fullt og heilt. Andre treningsformer du er van med kan også by på nokre utfordringar. I desse klassane finn me tid og rom til å venda blikket innover, reflektera og kjenna etter. Me jobbar også med teknikkar som kan letta plager og smerter forbunde med graviditet og forløysing, og forbereda kroppen på tida etter svangerskapet. Her er det rom for å dela sine opplevingar med andre i same/liknande situasjon. Lista er låg, ingen tidlegare erfaring med yoga er nødvendig, og me tilpassar klassen slik at du kan kjenna deg komfortabel med øvelsane.

Dersom du vil koma attende til yoga etter endt svangerskap anbefalar me at du ventar til etter seks-vekerskontrollen og at du opplyser insrtuktøren om din situasjon.