Bio

Eg heiter Anita og kjem frå Stord, men bur no på Bømlo.

img_1494

Eg tok min fyrste yogaklasse i Oslo i 2009. Det var ikkje noko ’love at first sight’ for min del, men litt etter litt auka interessa og eg lengta etter meir. Eg vart ein ivrig tilhengar av Bikram Yoga over ein lengre periode, men då eg flytta til London i 2014 ville eg prøve alt.

Eg fann eit yogastudio der eg kunne jobbe frivillig i resepsjonen mot at eg fekk ta del i klassane. YogaRise Peckham i London vart det kjekkaste og viktigaste med livet mitt i London. Der fekk eg påfyll, inspirasjon og lerdom eg har tatt med meg vidare. Året etter viste seg å vera tida eg skulle reisa til India sjølv for å ta mi yogalerar-utdanning.

AyurYoga-Eco Ashram sør i India er ein økologisk gård midt ute i ingenmannsland, ein time sør for Mysore. Ein heilt fantastisk lokasjon nede ved ei stor elv, nydelige, opne og luftige lokaler som oppmuntrar til indre ro, kreativitet og forankring. Her tilbrakte eg ein månad og fekk vener for livet spredd over heile verda (logoen til ØYOGA har ei veninde frå kurset hjelpt meg å utforma). Eg har no statusen 200h RYT (200 timar registrert yoga lerar) hos den internasjonale organisasjonen Yoga Alliance. Kursbeviset mitt set eg høgt, og ser fram mot å utvida med fleire kurs med åra.

yoga-teacher-certificare-colourYogaAlliance Membership 2017

IMG_1557

Undervisningserfaring har eg frå ØYOGA-studioet, Solhusen i Haugesund, Lindas Gym på Stord, TrimClub på Bømlo, samt workshop’ar spreidd litt rundt.

Instruktørar eg har praktisert hos og set høgt er:

  • Vinod Rajan (Hatha Yoga, Pranayama, Kriya, Meditasjon – AyurYoga Ashram India)
  • Satish Sathyavrathan (Hatha Yoga Pranayama, Kriya, Meditasjon – AyurYoga Ashram India)
  • Krishna Chaitania (Filosofi, Historie, Anatomi og fysiologi – AyurYoga Ashram India)
  • Swami Prabodh Chaitanya (Meditasjon, Yoga Sutra – AyurYoga Ashram India)
  • Cathrine Mathiesen (Gravid Yoga – Oslo Yoga)
  • John Collins (Vinyasa Yoga/Hatha Yoga – YogaRise Peckham London)
  • Davin Jones (Hatha Yoga/Kanga Yoga – YogaRise Peckham London)
  • Erin Prichard (Vinyasa Yoga – YogaRise Peckham London)
  • Marcus Veda (Rocket Yoga – YogaRise Peckham London)
  • Babette Krogh (Ashtanga Yoga – Puro Yoga Oslo)