ØYOGA

asana_padmasana_printVelkommen til ØYO-Yoga, eller berre ØYOGA.

Behovet og interessa for yoga på Bømlo er så høg at me i 2017 kunne opna eit reint yogastudio her på øyo. Det er heilt utruleg og er for meg ein stor draum som vert verkeleg.

Eg håpar de vil finna dykk til rette og dykka djupare inn i verda av yoga og alt av lerdom som fins der. Saman kan me skapa eit positivt veksande miljø for forståing, inkludering, kjærleik, oppmuntring og personleg indre ro.